Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024
Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
I fjor var det Holli Mølle AS frå Spydeberg som vann den nasjonale prisen. Prisen vart delt ut i samband med Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin der det var landbruks- og matminister Geir Pollestad som annonserte Holli Mølle AS som vinnar. Dei to andre nominerte som også var til stades i Berlin var Åkerkvinnene frå Larvik og Bonsak Malt AS frå Skogn.
No har du sjansen
I år kan du stikke av med sigeren, heider og ære. Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd med basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Det er også mogleg for andre enn bedriftseigar å melde på ein kandidat til prisen. Påmeldingsfristen er 20. august 2024.
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteria:
- Berekraft:
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
- Innovasjon/nyskaping
Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket
- Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
- Bedriftsutviklingsprisen i landbruket er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for etablerarar av vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar.
- Det vert kåra ein vinner i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner
- Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
- Det vert nominert 3 kandidatar til den nasjonale prisen som blir invitert til prisutdeling i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2025.